E 39 Høgkjølen – Harangen: Anleggsstart i september, ferdig i 2015, kostar 530 millionar kroner

  - Anleggsarbeidet for E 39 Høgkjølen – Harangen i Sør¬-Trøndelag skal ta til i september og vera ferdig i 2015, opplyser samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Prosjektet omfattar bygging av 10,4 kilometer ny veg med to felt frå Høgkjølen på E39 til Harangen på fylkesveg 714. Det skal mellom anna byggjast ein tunnel på nær ein kilometer gjennom Harangshammaren og ei bru for kryssing av elva Songa. Omlegginga vil føra til at noverande E39 mellom Høgkjølen og Orkanger blir gjort om til fylkesveg.

Samferdselsdepartementet legg no til grunn ei kostnadsramme på 530 millionar 2012-kroner for prosjektet.

Fylkeskommunane Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag har tidlegare gått inn for å forskottera inntil 100 millionar kroner til prosjektet, fordelt med 40 millionar kroner frå Møre og Romsdal og 60 millionar kroner frå Sør-Trøndelag. Samferdselsdepartementet sluttar seg no til eit slikt opplegg. Forskotteringane frå dei to fylkeskommunane vil bli tilbakebetalte frå staten i perioden 2014-2017,utan kompensasjon for prisstigning og renter på eventuelle lån.

Prosjektet har i 2012 behov for om lag 55 millionar kroner. Etter opplegget for forskottering vil Sør-Trøndelag fylkeskommune stilla desse midlane til rådvelde, mot tilbakebetaling frå staten i perioden 2014-2017.

For fleire opplysningar - sjå:

For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)  

Abonner