E134 Seljord – Åmot: Utbygging gir tryggare trafikk og betre framkomst

- E134 gjennom Vest-Telemark får høgare standard, med enda tryggare trafikk og betre framkomst. Utbetringa vil vere til nytte for trafikken mellom delar av Austlandet og Vestlandet og for regional og lokal trafikk i delar av Telemark.

Dette seier samferdselsminister Marit Arnstad i samband med eit forslag om utbygging og finansiering av E134 på strekninga Seljord – Åmot i kommunane Seljord, Kvitseid, Tokke og Vinje i Telemark.

Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.

- Utbygginga omfattar fire delstrekningar og vil føre til at nesten heile den om lag 50 kilometer lange strekninga mellom Seljord og Åmot vil få gul midtstripe og jamn og god standard, seier samferdselsministeren.

Det er lagt opp til å utbetre til saman 9,4 kilometer veg i dagens trasé. Utbetringane er fordelte på desse delstrekningane:

  • Seljord – Ordal, 5,3 km
  • Libergbakkane, 0,7 km
  • Rudsbakkane, 1,2 km
  • Raudå bru – Åmot, 2,2 km

Det ligg føre godkjende reguleringsplanar, og det er lagt opp til at utbetringa kan ta til i 2015, med fullføring i 2018.

Utbygginga kostar i alt 315 millionar 2013-kroner, medrekna meirverdiavgift.

I tråd med vedtak i dei fire kommunane og i Telemark fylkeskommune skal utbygginga finansierast med 284 millionar kroner i bompengar. I tillegg er det føresett 31 millionar kroner i statlege midlar som kompensasjon for auka meirverdiavgift etter oppheving av ordninga med fritak for meirverdiavgift for veganlegg.    

For kartskisse og fleire opplysningar:

For  meir informajon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner