E39 Sandnes - Flekkefjord: Vegvesenet skal vurdere trasé over Høg - Jæren

- I det vidare arbeidet med planlegging av E39 på strekninga Sandnes - Flekkefjord skal Statens vegvesen no også vurdere eit alternativ med trasé over Høg - Jæren. Dette alternativet skal vurderast og samanliknast med dei alternativa som alt ligg føre for E39 mellom dei to byane, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Vurderinga og samanlikninga skal mellom anna ta for seg økonomi, trafikkgrunnlag, trafikkutvikling og moglege løysingar for gjennomføring av prosjektet.

I eit brev frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet blir det vist til at vurderinga av alternativet over Høg - Jæren bør leverast til departementet innan 4. mai i år.

Samferdselsministeren peiker elles på at Samferdselsdepartementet i juni 2014 ba Statens vegvesen om at planlegginga av E39 i den valde traseen skulle vise firefeltsløysing for heile strekninga frå Søgne til Ålgård. I oppdraget frå den førre regjeringa var planlegginga avgrensa til å sjå på løysingar for to- og trefeltsveg med midtdelar på store delar av strekninga.

Sjå også brev av 12. februar 2015 frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet

Abonner