E6 Ringebu – Otta: Etappevis utbygging

Utbygging av E6 på den vel 57 kilometer lange strekninga Ringebu – Otta i Oppland skal gjennomførast i fleire etappar. Den 34 kilometer lange strekninga Frya – Sjoa, i kommunane Sør-Fron, Nor-Fron og Sel, skal vera første etappe. - Ei slik etappevis utbygging vil sikra at anleggsarbeidet med prosjektet Ringebu – Otta kan koma i gang slik som føresett i Nasjonal transportplan 2010-2019, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Andre fase i utbygginga blir strekningane Ringebu – Frya og Sjoa – Otta.  Vidareføring av prosjektet må vurderast som del av Nasjonal transportplan 2014-2023. Samferdselsdepartementget vil arbeida for at utbygging av heile strekninga Ringebu – Otta kan skje mest mogleg kontinuerleg.

I eit brev frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet blir det vist til at heile prosjektet Ringebu - Otta no er rekna å kosta i alt 6 milliardar kroner, mot 4 milliardar 2009-kroner i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2010-2019 og 4,5 milliardar kroner i Statens vegvesen sitt handlingsprogram for 2010-2013. Utbygginga skal finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar.

Med den etappevise utbygginga som det no blir lagt opp til, vil det vera mogeleg å halda bompengesatsen på eit akseptabelt nivå, seier samferdselsministeren.


For fleire opplysningar – sjå:

  • Brev av 30. mars 2011 frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet


For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Tags:

e6

Abonner