Eit steg nærare ein meir miljøvenleg ferjeflåte

- Regjeringa har som mål å redusera klimautsleppa. Utviklingskontrakten for ferjesambandet E39 Lavik – Oppedal i Sogn og Fjordane er eit viktig tiltak for å nå målet. Fire ferjeselskap blir no inviterte av Statens vegvesen til å konkurrera om utvikling og drift av ei meir  energi- og miljøeffektiv ferje på strekninga, opplyser samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Norled, Torghatten Trafikkselskap, Fjord 1 Fylkesbaatane og Boreal skal konkurrera om å utvikla ein ferjetype som skal føra ein meir miljøvenleg ferjeflåte.

Dei fire selskapa har sidan i fjor vore i dialog med Vegdirektoratet om utvikling av energi- og miljøeffektive løysingar for ferjeflåten. Dialogen kom i stand etter at Vegdirektoratet i juni i fjor utlyste ein utviklingskonkurranse for drift av ei ny ferje i sambandet E39 Lavik - Oppedal, over Sognefjorden. I utlysinga vart verfts- og reiarlagsnæringa inviterte til å konkurrera om levering av den mest miljø- og energieffektive ferja.

Ved utlysinga i fjor har staten ikke bunde seg til ein spesiell teknologi. Det gjer at tilbydarane står fritt når det gjeld å utvikla eigne løysingar.

- Dei fire tilbydarane har - i utviklingsfasen - lagt fram interessante løysingar, som opnar for store framsteg i arbeidet med ei meir miljøvenleg ferjedrift. For verftsnæringa og verksemder som leverer varer og tenester til verftsnæringa, opnar konkurransen for interessante oppgåver og utfordringar på eit felt og i en internasjonal marknad der det dreier seg om smarte og miljøvenlege løysingar, seier samferdselsministeren.

Den nye "miljøferja" fører til at det blir tre ferjer på sambandet Lavik - Oppedal, mot to ferjer i dag. "Miljøferja" skal ta om lag ein tredel av trafikken.

Inngåing av kontrakt for drift av ny ferje i sambandet vil skje i juni i år. Kontrakten skal gjelde for ein periode på ti år.

Abonner