Endringar i statsbudsjettet for 2010 – Samferdselsdepartementet

Regjeringa har i statsråd i dag lagt fram forslag til ein del endringar i statsbudsjettet for 2010. Mellom anna er det sett av 25 millionar kroner ekstra til vegutbetringar, etter flaum og ras i Nord-Noreg. Det er også foreslått ei tilleggsløyving på 50 millionar kroner til planlegging av nye vegprosjekt.

25 millionar kroner ekstra til vegutbetringar, etter flaum og ras i Nord-Noreg

Løyvingane for 2010 til drift og vedlikehald av riksvegane skal aukast med 25 millionar kroner. Auken har samanheng med at det tidlegare i år har vore ekstraordinære utgifter til utbetring og reparasjon av skadar etter flaum i Nord-Noreg, går det fram av eit forslag frå regjeringa.

Forslaget, som blei lagt fram i statsråd i dag, gjeld skadar som følgje av setningar og utvasking av delar av riksvegnettet og skadar på Garrajohka bru på riksveg 93 i Alta kommune i Finnmark. Desse skadane er rekna til i alt 25 millionar kroner i 2010.

Tilleggsløyving på 50 millionar kroner til planlegging av nye vegprosjekt

Regjeringa foreslår at løyvinga til riksveginvesteringar for 2010 skal aukast med 50 millionar kroner. Beløpet skal nyttast til planlegging, og vil setja Statens vegvesen betre i stand til å gjennomføra prosjekta i Nasjonal transportplan 2010-2019, opplyser samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Nasjonal transportplan 2010-2019 og Statens vegvesen sitt handlingsprogram 2010-2013 legg opp til ein vesentleg vekst i rammene til riksveginvesteringar. Denne veksten gjer det nødvendig med meir midlar til planlegging, slik at framdrifta i prosjekta kan halda fram, seier samferdselsministeren.

Statens vegvesen legg opp til at auken på 50 millionar kroner, over statsbudsjettet for 2010, kan nyttast til planlegging av desse vegprosjekta:

• Region aust: 30 millionar kroner som i all hovudsak vil gå med til å dekkja meirforbruk på E16 Fønhus - Bagn og E6 Ringebu - Otta
• Region vest: 10 millionar kroner som vil gå med til å dekkja meirforbruk på E6 Svegatjørn - Rådal
• Region nord: 10 millionar kroner vil gå med til å dekkja meirforbruk på E6 på Helgeland og E6 Bru over Rombaken

Rassikring  - E39 Hjartåberga: Anleggsstart i januar

- Anleggsarbeidet på rassikringsprosjektet E39 Hjartåberga, i Volda kommune i  Møre og Romsdal, kan ta til i januar neste år, med sikte på at prosjektet kan opnast for trafikk i 2013, opplyser samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Ei orientering om framdrift og kostnadsramme for prosjektet er tatt inn i eit forslag til ein del endringar i statsbudsjettet for 2010. I orienteringa er det vist til at Samferdselsdepartementet no legg til grunn ei kostnadsramme på 541 millionar  2011-kroner.

- Rassikringa i Hjartåberga må sjåast i samanheng med at trafikken på strekninga vil auka vesentleg etter opninga av prosjektet E39 Kvivsvegen, noko som fører til at E39 vil bli flytta til dagens fylkesveg 651 på nordsida av Austefjorden. Dagens veg i Hjartåberga er utsett for ras gjennom heile året, og vegen har dessutan låg standard med fleire flaskehalsar og  krappe kurvar, seier samferdselsministeren.

Prosjektet omfattar den åtte kilometer lange strekninga mellom Årset og Løvikneset i Volda kommune. 


For fleire opplysningar – sjå Prop. 36 S (2010-2011) Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Samferdselsdepartementet:

http://www.regjeringen.no/nn/dep/sd/dokument/proposisjonar-og-meldingar/prop/2010-2011/prop-36-s-20102011.html?id=625012

 

 

Abonner