Enklare parkeringsregelverk og sterkare forbrukarvern

– Regjeringa legg i dag fram eit lovforslag som legg grunnlag for eit nytt parkeringsregelverk. Vi ryddar i parkeringsbransjen og gir sterkare forbrukarvern. Eit etterlengta lovverk kan no kome på plass, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa sender i dag lovforslag om nytt felles parkeringsregelverk til Stortinget. Forslaget legg rammene for felles reglar for all parkeringsverksemd. Det nye regelverket skal mellom anna gjere det enklare for bilistane å forstå parkeringsreglane, uavhengig av om parkeringsplassen er privat eller kommunalt driven.

 – Arbeidet med både lov og forskrift ble starta opp allereie i 2005. Det syner at behovet har vore kjent lenge, men diverre var saka utan synleg politisk framdrift i lang tid. For dagens regjering har det vore svært viktig å få på plass eit meir føreseieleg og forbrukarvenleg parkeringssystem. Det har difor vore høgt prioritert å få saken på rett spor og no fremje den for Stortinget, seier Solvik-Olsen.

Lovforslaget legg opp til felles regulering av parkeringsbransjen, og styrking av forbrukarvernet. Det blir lagt opp til klare krav for parkeringsbransjen, oppretting av ei parkeringsklagenemnd og felles reglar for handhevinga av og storleiken på ”bøter”. Forslaget opnar også for å stille klare krav til parkeringsområdet og skiltinga og til tilrettelegging og reservering av parkeringsplassar for brukarar med forflyttingsvanskar.

Framleis gratis for brukarar med forflyttingsvanskar og for elbilar
Det blir føreslått å vidareføre dagens betalingsfritak for forflyttingshemma med parkeringsløyve på avgiftsbelagte kommunale parkeringsplassar. Den einskilde  kommune skal få rett til sjølv å avgjere om dei vil vidareføre betalingsfritak for elektrisk og hydrogendriven motorvogn på sine kommunale  parkeringsplassar. Lovforslaget omfattar også moglegheit til å innføre ei plikt til å tilby lading på alle parkeringsplassar.


For fleire opplysningar - sjå:


For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdaselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner