Evaluering - Transnova bør vidareførast

Miljøprosjektet Transnova vart i 2009 etablert som eit treårig prøveprosjekt for å fremja miljøvennleg teknologi i transportsektoren. Ein rapport utført av NIVI Analyse og Urbanet Analyse på oppdrag av Samferdselsdepartementet tilrår vidareføring. - Eg er glad for at rapporten slår fast at etableringa av Transnova har vore vellukka, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.  

Gjennom vektlegging av støtte til pilot- og demonstrasjonsprosjekt og løysingar som ligg nær marknadsintroduksjon, har Transnova ei rolle som andre aktørar ikkje fyller. Til dømes har ein stor del av midlane frå Transnova vorte tildelt transportprosjekt med bruk av elektrisitet, hydrogen og biodrivstoff. 

Ifølgje rapporten bør Transnova vidareførast med føresetnad om visse administrative justeringar. I tillegg vert Transnova tilrådd å auka vektlegginga på pilotprosjekt og kunnskapsformidling. I evalueringa går det òg fram at i fall det etter kvart kan leggjast fram betre dokumentasjon på at Transnova er eit effektivt klimapolitisk verkemiddel, kan det tala for å auka løyvingane og endra på tilknytinga som Transnova har til Statens vegvesen.

Miljøprosjektet Transnova er oppretta på bakgrunn av Klimameldinga og klimaforliket, som vart lagt fram 17. januar 2008. Transnova vart formelt skipa i 2009 som eit treårig prøveprosjekt og er organisert under Teknologiavdelinga til Statens vegvesen i Trondheim.


For fleire opplysningar – sjå:


For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14   777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner