Ferjefri E39 i Møre og Romsdal: Val av trasé for vidare planlegging – gir raskare framdrift

- For  regjeringa er det svært viktig å få god framdrift i arbeidet med ferjefri E39. Vi lovde rask avklaring av traséval. No er det opp til lokale styresmakter å posisjonere traséane inn mot neste Nasjonal transportplan. Eg har sjølv vore på synfaring og hatt møte med ordførarar, folk og næringsliv. Frå alle har eg fått klare meldingar om kor viktig denne vegen er.    

-  Somme vil vere mer nøgde enn andre når det gjeld dei valde traséane, men no er valet gjort. Det legg til rette for realisering av ferjefri E39, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.    

Samferdselsdepartementet har, etter drøfting i regjeringa, fastsett kva for hovudløysingar, såkalla konsept,  som skal leggjast til grunn for vidare planlegging av E39-utbygging i Møre og Romsdal. 

- Det er gjort val for trase for kryssing av Storfjorden, Romsdalsfjorden og Halsafjorden. Fjordkryssingane vil omfatte mykje nybrotsarbeid. Statens vegvesen vil derfor arbeide vidare med teknologiske løysingar som er trygge, effektive og miljøvennlege. Vala som no er gjorde handlar om langsiktige løysingar, men vi legg også fram grep som betrar trafikktilhøva på kort sikt, inntil ein får ferjefrie løysingar på plass, seier samferdselsministeren.

Hovudløysingar for tre delstrekningar

Desse hovudløysingane, eller ” konsepta”,  skal leggjast til grunn for vidare planlegging av tre delstrekningar på E39 i Møre og Romsdal:

  • E39 Volda – Ålesund: Kryssing av Storfjorden

Alternativet Hafast, det vil seie vegsamband Hareid – Sula, skal leggjast til grunn for framtidig trasé for E39. Kva for bruløysing som skal leggjast til grunn for kryssing av Sulafjorden må utgreiast vidare. Løysing for kryssing av Vartdalsfjorden må også utgreiast vidare.

I første omgang skal det arbeidast vidare med auka ferjefrekvens over Storfjorden (ferjesambandet Festøy – Solevåg).

Prioritering av tiltak på strekninga blir nærmare vurdert i arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-2027.

- Dette viser at regjeringa er opptatt av å løyse utfordringar både på kort og lang sikt. Regjeringa viser med dette også kor viktig den maritime klynga på Søre-Sunnmøre er for både regionen og landet, seier samferdselsminister Ketil Solvik Olsen.

  • E39  Ålesund – Bergsøya:  Kryssing av Romsdalsfjorden

Vidare planlegging skal på kort sikt ta utgangspunkt i ” Konsept K2, Tautrakonseptet over Ørskogfjellet” (undersjøisk tunnel under øya Tautra over til Otrøya, deretter hengjebru over Julsundet) og ”Konsept K3 Tautrakonseptet, Solnørdalen” (Det same som K2, men gjennom Solnørdalen i staden for over Ørskogfjellet).

Vidare planlegging av strekninga Molde – Bergsøya tar utgangspunkt i dagens trasé frå Molde.

Prioritering av tiltak på strekninga blir nærmare vurdert i arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-2027.

- Alternativet for E39 Ålesund – Bergsøya har hatt brei tilslutnad på lokalt hald. Dette er eit av dei prosjekta som Vestlandsrådet også har prioritert høgt. Det har derfor vore viktig med den avklaringa som regjeringa no har kome med, seier samferdselsministeren.

  • E39 Bergsøya – Valsøya: Kryssing av Halsafjorden

Vidare planlegging skal på kort sikt ta utgangspunkt eit konsept med auka frekvens i ferjesambandet over Halsafjorden.

På lengre sikt skal planlegginga ta utgangspunkt i ei løysing med hengjebru over fjorden.

Prioritering av tiltak på strekninga blir vurdert nærmare i arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-2027.

- Regjeringa viser med dette at vi er villige til å sjå på både dei langsiktige og kortsiktige utfordringane med å krysse Halsafjorden, seier samferdselsministeren.   

Kontakt:  Pressetelefon 919 14 777 

Abonner