Ferjesambandet Anda-Lote: Avgang kvart 20. minutt

Report this content

Det blir 20-minuttsavgangar på ferjesambandet E39 Anda-Lote i Nordfjord seinast ved starten av neste anbodsperiode, 1. januar 2017. Det går fram av budsjettforliket for 2015.

Ferjestrekninga bind saman kommunane Eid og Gloppen, og overfarten tek i dag rundt åtte minutt. På dagtid er det ein halvtime mellom ferjeavgangane.

- Fleire avgangar gjer at folk treng tenkje mindre på rutetabellen. Avgangar kvart 20. minutt vil bety ein meir fleksibel kvardag både for folk og næringsliv, og vere eit løft for utviklinga i heile regionen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I tillegg har regjeringa i budsjettet for 2015 løyvd midlar til ekstra ferjer på strekningane E 39 Molde-Vestnes og E 39 Halsa- Kanestraum.

- På desse sambanda har bilar stadig stått att på ferjekaia fordi ferja har vore full. Sterk trafikkvekst gjorde at ein styrka sambandet Halsa-Kanestraum med ei tredje ferie frå juli til oktober. I statsbudsjettet for 2015 løyvde vi midlar til å gjere denne ekstra ferja permanent. Også ferjesambandet mellom Molde og Vestnes får ei ekstra ferje. 

Fleire pressemeldingar på dei nye nettsidene våre