Forslag til lovendring: Regjeringa vil styrkje kriseberedskapen i jernbanesektoren

- Det er viktig at samferdslesektoren har den naudsynte kriseberedskapen for å handtere og eventuelt redusere omfanget av ein krisesituasjon. På lik line med andre sektorar står samferdslesektoren overfor eit samansett trugselbilete som krev særskilte tiltak for sikring og kriseberedskap, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa legg i dag fram eit lovforslag til Stortinget for å styrkje arbeidet med å sikre jernbanen mot terrorhandlingar og andre tilsikta uønskte handlingar.

Nye krav til jernbaneaktørane
Samferdselsdepartementet har difor føreslått endringar i jernbaneloven som gjer det mogeleg å etablere nærmare krav til jernbaneaktørane for å sikre jernbanen mot slike handlingar.

Det er lagt opp til at Statens jernbanetilsyn skal føre tilsyn med at dei nye avgjerdene blir overhaldne.

Samferdselsdepartementet tek sikte på at dei nye avgjerdene skal tre i kraft frå 1. juli 2015.



For fleire opplysningar - sjå:


For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner