Furu utnemnt til underdirektør

Elin Marie Furu, Oslo, er i statsråd dag utnemnt til underdirektør i Samferdselsdepartementet. Ho er 51 år og har embetseksamen i statsvitskap.  

Furu blei tilsett i Samferdselsdepartementet i 1986, og har vore seniorrådgjevar sidan juni 2004. Ho er nestleiar i Økonomiseksjonen i departementet, og har ei sentral rolle i arbeidet med statsbudsjettet og statsrekneskapen.

Elin Marie Furu er cand.polit. i statsvitskap frå Universitetet i Oslo, der ho blei uteksaminert i 1985.  

Furu har overordna ansvar for tolking av regelverket for offentlege anskaffingar og har viktige oppgåver knytt til bruken av det statlege økonomiregelverket.


For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner