Grønt lys for  Hidra: Undersjøisk tunnel ferdig hausten 2013

​- Utbygginga av fastlandssamband for Hidra vil betra transportforholda for folk og næringsliv og gi køyretid for arbeids- og fritidsreiser mellom Hidra og Flekkefjord. Ny veg, i undersjøisk tunnel, vil leggja betre til rette for busetnad og meir arbeidspendling, utvikling av reiselivstenester og fritidsaktivitet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa har i statsråd i dag lagt fram forslag om utbygging og finansiering av fylkesvegprosjektet Hidra fastlandssamband i Flekkefjord kommune i Vest-Agder.

Det nye vegsambandet vil erstatta dagens  fylkesvegferjesamband Kvellandstrand – Launes. Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,5 kilometer ny tofelts fylkesveg mellom Kvellandstrand og Bukkestad i Flekkefjord kommune, med ei breidd på 8,5 meter. 3,2 kilometer av den nye vegen er ein undersjøisk tunnel. Anleggsarbeidet skal etter planen ta til våren 2011, med sikte på at den nye vegen skal vera ferdig hausten 2013.

Prosjektet har eit kostnadsoverslag på 345 millionar kroner. I tråd med avklaringar og vedtak i Vest-Agder fylkeskommune og Flekkefjord kommune skal utbygginga finansierast ved ein kombinasjon av bompengar, ordinære fylkeskommunale vegmidlar, lokale tilskot og forskottering av innsparte fylkeskommunale tilskott til drift av ferje. 


For kartskisse og fleire opplysningar – sjå:


For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl 8-16)

Kontoradresse Akersg. 59 (R5) 0180 Oslo

Tags:

Abonner