Grønt lys for felles planar for veg og bane på strekninga Voss – Arna

- Eg har i dag bede Vegdirektoratet om å leia arbeidet med å greia ut alternativ for å løysa transportutfordringane på strekninga Voss - Arna. Dei ulike konsepta skal leggja grunnlaget for ein effektiv og sikker transport på veg og bane for folk og næringsliv i regionen, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. 

For å kasta eit samla lys over veg- og banetransporten på strekninga, skal Vegdirektoratet utarbeida konseptvalutgreiinga (KVU) i samarbeid med Jernbaneverket.

- Mellom Voss og Arna er det mange felles utfordringar på veg og bane. Begge transportårene slit med utforming, tryggleik, kapasitet, tunnelstandard og rasfare. Med små areal og smal topografi på strekninga er det viktig å samarbeida om felles løysingar både i plan- og gjennomføringsfasen som kan føra til ein vinn-vinn-situasjon, seier samferdselsministeren.


For fleire opplysningar - sjå:

·     Brev av 28. februar 2012 frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet (pdf)

For meir informasjon - ta kontakt via:

·     Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner