Høyring: Ryddigare forhold i drosjenæringa

- Styresmaktene får no eit betre grunnlag for å følgja opp drosjenæringa. For å sikra eit godt transporttilbod i distrikta, foreslår vi òg einskilde fritak for distriktsdrosjar og frivilligsentralar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.  

Samferdselsdepartementet sender i dag på høyring eit forslag om endringar i yrkestransportlova. Fleire av forslaga i høyringa gjeld endringar som følgje av den såkalla drosjejukssaka i Oslo tidlegare på 2000-talet.

Høyringa inneheld fleire forslag som vil medføra betre kontroll og oppfølging med etterleving av yrkestransportregelverket. Følgjande forslag blir fremja:

  • Grunnlaget for vandelsvurdering blir utvida til å omfatta administrative sanksjonar gitt for lovbrot på skatte- og avgiftsområdet.
  • Innføring av krav om vandel og økonomi for godkjenning av drosjesentralar. Dette vil gi drosjesentralane meir soliditet og kvalitet, samstundes som forslaget på sikt vil ha ein preventiv verknad mot brot på skatte- og avgiftslovgivinga.  
  • Meir fleksibilitet ved gjennomføring av utekontroll.
  • Å støtta opp om arbeidet som frivilligsentralane gjer rundt om i landet ved å innføra eit løyvefritak for transport utført av frivilligsentralar som mottek statstilskot.
  • Moglegheit til å gi lemping i køyreplikta for drosje i avgrensa tilfelle for å bøta på det sviktande driftsgrunnlaget som fleire av distriktsdrosjane av ulike grunnar har opplevd dei seinare åra. Dette vil bidra til å sikra eit drosjetilbod i dei områda som står i fare for å mista dette.

- Parallelt med at lovendringane går på høyring, vil arbeidet med forskriftendringar starta opp, avsluttar Magnhild Meltveit Kleppa.


Høyringsfristen er 9. mai 2012.

For fleire opplysningar –sjå:

For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner