Ingeborg Kjærnli utnemnt til underdirektør

Ingeborg Kjærnli, Oslo, er i statsråd dag utnemnt til underdirektør i Samferdselsdepartementet. Ho er 36 år og har embetseksamen i statsvitskap.  

Kjærnli blei tilsett i Samferdselsdepartementet i 2001, og har vore seniorrådgjevar sidan juni 2007. Ho er tilsett i Plan-, økonomi- og administrasjonsavdelinga, der ho er koordinator for EØS-arbeidet i departementet og leiar for EØS-spesialutvalet for transport.

Ingeborg Kjærnli er cand.polit. i statsvitskap frå Universitetet i Oslo, der ho blei uteksaminert i 2000.
   


For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakttelefonen i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14   777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner