Innlegg av samferdselsminister Kleppa

Vi viser til oppslag og debatt om trafikktryggleik. Vedlagt følgjer innlegget "Talet på drepne og hardt skadde går ned" av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Vi ser gjerne at innlegget kjem på trykk så snart som mogleg.

Talet på drepne og hardt skadde går ned

Talet på drepne og hardt skadde i trafikken er redusert raskare enn vi hadde tort å håpa på. Reduksjonsmålet for 2014 blei nådd allereie i 2010. Det viser ein fersk rapport som oppsummerar effektane av Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik (2010-2013) .

Snittfarten er redusert for 85 prosent av køyretøya på norske vegar. Fartsreduksjonen skuldast haldningskampanjar kombinert med fleire og meir målretta kontrollar. Dette gir effektar: ein reduksjon i snittfarten på 3 km/t reduserer ulukkesrisikoen med heile 30 prosent.

Vi  ligg framfor planen når det gjeld utbygging og etablering av ulike midttiltak. Av 147 km møtefri veg som er planlagd i fireårsperioden, er 43, 4 km (30 prosent) allereie bygd ut. Statens vegvesen har dessutan forsert etableringa av forsterka midtoppmerking. 138 km av planlagde 183 km i fireårsperioden blei etablert i 2010. Innan 2014 vil vi i Noreg ha 750 km med møtefri veg, og 365 km veg med forsterka midtoppmerking
.

Rapporten viser også at fleire enn tidlegare brukar bilbelte og at fleire barn blir sikra skikkeleg i bil. Dessutan brukar fleire – både vaksne og barn – sykkelhjelm. Trafikktryggleik er jobb nummer ein for meg, og eg blir glad for positive tal som dette. Reduserte tal på drepne og hardt skadde er likevel ei mager trøyst for dei har mista nokon av sine. Visjonen vår er og blir null drepne. Tala vi ser her, viser mest av alt at vi må setja oss meir ambisiøse mål. Vi må satsa på tryggare vegar og tryggare sjåførar, slik at talet på drepne og skadde går ytterlegare ned!

Av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Abonner