Internett: Toppdomenenamn med norsk vri og identitet

- Om nokre år kan vi på Internett ha domenenamn som sluttar med til dømes .oslo og .rogaland. Noreg er det første landet i verda som har gjennomført ei vurdering av behovet for nye toppdomene med norsk tilknyting. Interessa frå styresmakter i andre land har vore stor.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at ho i dag har motteke ein rapport  om behovet for nye toppdomene med norsk identitet på Internett. Utgreiinga, som er utarbeidd av ei arbeidsgruppe på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, tek òg for seg retningsliner og tildelingsprosedyrar for val av domenenamn, og vurderingar av administrative og økonomiske verknader av ei slik ordning.

- Rapporten som arbeidsgruppa har levert vil inngå i grunnlaget for det vidare arbeidet til Samferdselsdepartementet med å utvikla strategi og retningsliner for forvalting av nye toppdomene med norsk tilknyting. Det er i dag òg oppretta ei nettside som er tilgjengeleg via heimesida til Samferdselsdepartementet. Her kan alle som vil koma med innspel og diskutera saka, seier samferdselsministeren. 

- Tidlegare har .no vore det einaste toppdomene som viser at ei nettadresse har norsk identitet. Fleire toppdomene på Internett kan leggja til rette for auka konkurranse og nyskaping i domenemarknaden, seier Kleppa.  

Arbeidsgruppa har teke utgangspunkt i arbeidet som den amerikanske organisasjonen ICANN (Internet Corporation for Assigned Names and Numbers) no gjer for å utvida talet på toppdomene i domenenamnsystemet på Internett.

I dag har ein ikkje ein nasjonal strategi eller nasjonalt regelverk for handtering av dei tilfella der både nasjonale styresmakter og ICANN set vilkår for innføring av nye toppdomene. Dette er hovudutfordringa for dei nasjonale styresmaktene med omsyn til den internasjonale utviklinga, og hovudtema for rapporten til arbeidsgruppa.

Arbeidsgruppa tilrår at vilkår må stillast gjennom regulering i forskrift og gjennom ein eigen avtale mellom registereining for nytt toppdomene og norske styresmakter. Dette vert lagt til grunn ved utarbeiding av tilslutningsbrev til ICANN.

Arbeidsgruppa tilrår mellom anna nyskaping og krav til forretningskonsept som føresetnader dersom ein skal gi tilslutnad til nye toppdomene med nasjonal tilknyting.

Det er venta at ICANN i løpet av 2011 vil vedta det endelege rammeverket for å utvida talet på toppdomene. Samferdselsdepartementet har difor som mål å utarbeida dei nasjonale retningslinene så snart som mogleg etter at bloggen stengjast.  

Arbeidsgruppa har vore leia av seksjonssjef Ørnulf Storm i Post- og teletilsynet. Desse har elles vore med i arbeidsgruppa, som tok fatt på oppgåva i februar 2010:

Thomas Nortvedt, underdirektør i Forbrukarrådet (fram til juni 2010)
Svenn Richard Andersen, rådgjevar  i Forbrukarrådet (erstatta Nortvedt frå juni 2010)
Jon Bing, dr. juris ved Universitetet i Oslo
Solrun Dolva, seksjonssjef i Patentstyret
Rune Foshaug, sjefanalytikar i Abelia
Annebeth B. Lange, juridisk ansvarleg i UNINETT Norid AS
Elise Lindeberg, seniorrådgjevar i Post- og teletilsynet


For fleire opplysningar – sjå:

For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Tags:

Abonner