Lovendring: Statens vegvesen kan no fjerna køyrety som hindrar framkome

Frå i dag kan Statens vegvesen fjerna køyrety som er til hinder for framkome. Berre politiet hadde denne retten tidlegare. – No vert det enklare for vegstyresmaktene å raskt sikra framkome på vegane våre. Dette er viktig, særleg med tanke på vinterføre med snø og glatte vegar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Kongen i statsråd sanksjonerte i dag Stortinget sitt vedtak til lov om endringar i vegtrafikklova. Endringane blir sette i verk straks, og gjev Statens vegvesen retten til å treffe vedtak om fjerning av køyrety på lik linje med politiet.

Utanlandske tunge køyrety er overrepresentert på statistikken over køyrety som treng hjelp eller berging.

Sjå heile saka, inkludert peikar til dokument:

http://www.regjeringen.no/nn/dep/sd/pressesenter/pressemeldingar/2010/lovendring-statens-vegvesen-kan-no-fjern.html?id=629376

 

Abonner