Miljøvennlege køyretøy får enda betre parkeringsforhold

- Desse endringane knytte til parkering skal gjera det enda gunstigare å bruka  miljøvennlege køyretøy. Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Samferdselsdepartementet har vedteke forskriftsendringar som særleg gjeld parkering av mindre elektriske og hydrogendrivne motorvogner.

Endringane er som følgjer:

Elektriske og hydrogendrivne motorvogner, uavhengig av køyretøykategori, skal kunna parkera avgiftsfritt på offentleg skilta parkeringsplassar. Endringa betyr at alle elektriske motorvogner skal behandlast likt. Elektriske motorvogner som er klassifiserte som motorsykkel vil òg omfattast av avgiftsfritaket, saman med alle hydrogendrivne motorvogner.   

For å utnytta parkeringsplassane meir effektivt, og for å gjera det meir attraktivt å bruka elektriske motorvogner, skal visse elektriske motorvogner kunna parkera på tvers av oppmerkt felt, og fleire motorvogner i same felt. Dette gjeld for elektriske motorvogner som kan få alle hjula innanfor feltet, og som ikkje stikk meir enn 40 cm utanfor oppmerkt felt.   

For å sikra det avgrensa parkeringstilbodet til motorsykkel og moped skal parkering reservert for slike grupper berre nyttast av tohjula motorvogner. Tre- og firehjula motorvogner skal ikkje lenger få nytta slike parkeringsplassar.

Det er òg gitt utvida unnatak frå hjelmpåbod der bilbelte er montert. Utvidinga gjeld for tre- og firehjulsmotorsyklar som har innebygt karosseri og er utstyrte med bilbelte.

Samferdselsdepartementet har vedteke forskriftsendringane etter å ha gjennomført høyring om tilrettelegging for elektriske og hydrogendrivne motorvogner.

Forskriftsendringane trer i kraft 15. juni 2011.


For fleire opplysningar - sjå:

  • Brev av 24. mai 2011 frå Samferdselsdepartementet (pdf)
  • Endringar i parkeringsforskrift, skiltforskrift og forskrift om personleg verneutstyr (vedlegg til brev av 24, mai 2011) (pdf) 


For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner