Møre og Romsdal: 1,2 millionar kroner til kollektivtransport i  distrikta

Betre kollektivtilbod er viktig for bulyst og livskvalitet. Ved effektiv samordning mellom ulike forvaltingsnivå og tilpassa organisering av transporttilbod, skal den statlege tilskotsordninga ”Kollektivtransport i distrikta” stimulera til at midlar blir brukt smart og effektivt, og føra til ei vesentleg forbetring for dei reisande. 

- Kollektivprosjekta som får statleg tilskot skal mellom anna bidra til å utvikla kollektivtilbodet i og rundt Ålesund. I tillegg skal koordinering av bestillingsdrosje med annan kollektivtransport i Halsa kommune og etablering av ringbussrute i Giske kommune, sørgja for at fleire vel kollektivt i Møre og Romsdal, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.    

For 2012 blir alt i alt 1,2 millionar kroner løyvd til prosjekt i Møre og Romsdal frå ordninga ”Kollektivtransport i distrikta”. Midlane er fordelt slik:

-           Ålesund, kollektivutredning: Kr 400 000
-           Halsa, bestillingsdrosje: Kr 300 000
-           Stordal, serviceskyss: Kr 100 000
-           Giske, ringbuss: Kr 400 000

I tillegg blir utvikling av Garnes kollektivknutepunkt finansiert ved overføring av 200 000 kroner i prosjektmidlar frå 2011. 

Tilskotsordninga ”Kollektivtransport i distrikta” (KID) blei oppretta av regjeringa i 2007. Regjeringa har i Soria Moria I-erklæringa slått fast at det skal utviklast eit kostnadseffektivt og brukartilpassa kollektivtilbod i distrikta.

Formålet med tilskotsordninga er å visa korleis kollektivtilbod kan styrkjast gjennom meir effektiv samordning av ressursar og verkemiddel. Målet er å gjennomføra tiltak på utvalde stader og strekningar for å oppnå ei vesentleg forbetring av tilbodet til dei reisande i distrikta. Tre hovudomsyn ligg til grunn for prioritering av tilskot:

  • ”Beste praksis” - skal liggja til grunn for gjennomføringa av tiltak med strukturert linjenett, bestillingstransport, knutepunkt m.v. for klar styrking av kollektivtilbodet.
     
  • Samarbeid -  prosjekt som utnyttar samarbeid mellom sektorane og forvaltingsnivåa for synergieffektar, kvalitetsforbetringar og/eller økonomiske innsparingar, skal prioriterast.
     
  • Mobilitet -  prosjekt som har kvalitetar for auka mobilitet, som utnyttar trafikkgrunnlaget lokalt, og som bidrar til forbetra livskvalitet og bulyst i tynt folkesette område, skal prioriterast til kommunar innanfor det distriktspolitiske verkeområdet.

Fylkeskommunane gjennomfører prosjekt med minst 50 prosent eigendel, slik at den statlege stønaden kjem som eit tillegg til, og ikkje ei erstatning for, midlar frå lokale styresmakter. 

For fleire opplysningar - ta kontakt med dei fylkeskommunen.

For 2012 løyver Samferdselsdepartementet alt i alt 21,7 millionar kroner til kollektivtransport i distrikta, fordelt på 39 prosjekt i 11 fylkeskommunar.

Les meir om KID-ordninga på nettsidene til Samferdselsdepartementet.

For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner