Ny avtale mellom staten og Hurtigruten ASA: 34 hamner – 7 dagar i veka – heile året!

- Kystruta Bergen - Kirkenes betyr mykje for folk og næringsliv langs kysten. Eg er difor glad for at vi no har fått på plass ein avtale som sikrar daglege avgangar heile året frå alle 34 hamner.   

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at staten og Hurtigruten ASA har inngått ein avtale om statleg kjøp av sjøtransporttenester på kystruta Bergen - Kirkenes for perioden 2012 - 2019.

- Selskapet får høve til å ta ut skip i inntil 22 dagar til festivalar og liknande utan trekk i godtgjersla, seier samferdselsministeren. 

Avtalen trer i kraft 1. januar 2012 og gjeld for ein periode på åtte år. Staten har rett til å forlengja avtalen med eitt år etter at opphavleg avtaleperiode har gått ut.

Avtalen har ei samla ramme på 5 120 millionar kroner, noko som svarar til eit årleg gjennomsnitt på 640 millionar kroner. Utbetalinga vert størst i 2012 med 700 millionar kroner, deretter vert det ei gradvis nedtrapping til 580 millionar kroner i 2019 (alle tal i 2011-kroner). Det statlege kjøpsbeløpet skal prisjusterast kvart år.  

Norske og utanlandske selskap i EØS-området vart i juni 2010 inviterte til å koma med tilbod på drift av kystruta  Bergen – Kirkenes. Samferdselsdepartementet mottok eitt tilbod – frå noverande løyvehavar Hurtigruten ASA. Etter at tilbodet vart levert til Samferdselsdepartementet, har departementet gjort seg bruk av retten til å gjennomføra etterfølgjande forhandlingar om det tilbodet som vart sett fram.

I tillegg til vilkåra som gjeld seglingsmønster, er det i avtalen lagt til grunn vilkår om passasjerkapasitet, køyekapasitet og godskapasitet på strekninga Tromsø – Kirkenes. 

For fleire opplysningar – sjå:

  • Kontrakt om kjøp av tjenester på kystruten Bergen-Kirkenes for perioden 1. januar 2012 til 31. desember 2019 (pdf)
  • Pressekonferanse av 13. april  på nett-TV med samferdselsminister Kleppa og styreleiar Trygve Hegnar i Hurtigruten ASA

For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14   777 (kvardagar kl. 08-16)

Tags:

Abonner