Ny breibandskvardag

Regjeringa sender no på høyring eit forslag til korleis ledige frekvensressursar kan brukast til mobilt breiband. - Eit skikkeleg kapasitetsløft for breiband i heile landet! seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Desse frekvensane – delar av den digitale dividenden – blei frigjorte ved overgangen til digitalt bakkenett for fjernsyn. 
- Det er snakk om investeringar i moderne breibandsløysingar for fleire milliardar kroner. Folk flest vil i løpet av ein fireårsperiode oppleva ein heilt ny breibandskvardag, seier Kleppa.

Saka gjeld i  hovudsak  ressursane i øvre del av det såkalla band IV/V - nærare bestemt 790-862 MHz. Frekvensane er veleigna til kostnadseffektiv utbygging av mobilt breiband utanfor sentrale strok. Dei kan òg bidra til å betra dekninga innandørs.

Høyringsdokumentet omfattar spørsmål og forslag knytt til bruk av dekningskrav, frekvenstak, frekvensplan, tekniske vilkår, tildelingsmetode med meir.

I tillegg blir spørsmål knytt til disponering og tildeling av ressursar i frekvensbanda kring 900 og 1800 MHz tatt opp. Eit viktig spørsmål er om tildeling av ressursar i desse to frekvensbanda bør sjåast i samanheng med auksjonen av 800 MHz-bandet til hausten.

Høyringa er lagt ut på Samferdselsdepartementet si heimeside , og høyringsfristen er sett til 20. mai 2011: http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/dok/hoeringer/hoeringsdok/2011/horing-om-tildeling-av-frekvenser-i-800-.html?id=637994  

Abonner