Ny godsterminal i Trøndelag: Jernbaneverket tilrår Torgård i Trondheim kommune

-  Jernbaneverket har kome med ei tydeleg tilråding om at ny godsterminal for Trøndelag skal leggjast til Torgård. Saman med den komande høyringsrunden vil rapporten gi regjeringa eit godt grunnlag for å avgjere kvar det nye logistikknutepunktet i Trondheimsregionen skal liggje, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. 

Allereie før påske i 2014 fatta regjeringa vedtak om at ny godsterminal i Trøndelag skulle lokaliserast sør for Trondheim. Jernbaneverket fekk i oppdrag å gjennomføre ei utgreiing og nærmare vurdering av dei to moglege lokaliseringane – Torgård i Trondheim kommune og Søberg i Melhus kommune.

Framskunda prosess
Utgreiinga er no ferdig etter at regjeringa i fjor framskunda arbeidet. Den førre regjeringa hadde bestemt seg for å vente med å ta stilling til konseptval til etter godsanalysen blir ferdigstilt sommaren 2015. Signal frå både transportetatane og transportbransjen var likevel tydelege på at det ikkje var naudsynt å vente på godsanalysen for å gjere vedtak om lokalisering av logistikknutepunkt.

Jernbaneverket sender no rapporten på høyring.


For fleire opplysningar – sjå mellom anna:

For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner