Ny klageordning: Rettane til togpassasjerane vert styrkt

​- Ei lovbasert klageordning for togpassasjerar er på plass frå og med i dag. Ordninga styrkjer rettane til passasjerane.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Statens jernbanetilsyn i dag tek fatt på oppdraget frå Samferdselsdepartementet med å vera klageorgan for togpassasjerar. Passasjerar skal kunna kontakta Statens jernbanetilsyn i dei tilfella der dei ikkje først får gjennomslag hos togselskapet. Tilsynet skal handsama saker som gjeld klager i samband med reiser med jernbanen og som vert omfatta av passasjerrettføresegna som gjeld frå i dag.

- Klageordninga skal sikra togpassasjerane rimeleg, rettferdig, enkel og rask handsaming av krav som dei rettar mot togselskapa. Eg trur òg at ordninga vil gjera passasjerane meir medvitne om kva rettar dei har, seier samferdselsministeren.

Grunnlaget for klage kan vera mellom anna innstillingar, forseinkingar, skade på reisegods og manglande opplysningar mellom anna til funksjons- og rørslehemma. Krav om å få attende pengar når billetten ikkje kan nyttast, erstatning for utlegg til alternativ transport eller mat og overnatting ved forseinkingar, er døme på dette. 

Etableringa av klageordninga kjem som følgje av at departementet har hatt på høyring eit utkast til føresegn om gjennomføring av ei EU-forordning om jernbanepassasjerane sine rettar og plikter i norsk rett (passasjerrettføresegna).

Klageordninga til Statens jernbanetilsyn er meint å vera mellombels. Målet er å etablera ei felles, brukarfinansiert ordning saman med Flyklagenemnda.  Det vidare arbeidet vil difor involvera alle partar som vert omfatta av ei slik ordning, inkludert forbrukarstyresmaktene. I dette arbeidet vil ein òg på eit seinare tidspunkt kunna inkludera ei klageordning for busspassasjerar.


For fleire opplysningar, inkludert dei aktuelle dokumenta – sjå heile pressemeldinga her

For meir informasjon - ta kontakt med Samferdselsdepartementet via pressetelefonen vår: 919 14 777 (kvardagar kl. 08 - 16)

E-post: sdinfo@sd.dep.no

www.regjeringen.no/sd

Abonner