Ny løyveeining for godstransport og turvogner etablert i Lærdal: Nye reglar for løyvehavarane blir sett i verk etter nyttår

Statens vegvesens si nye nasjonale løyveeining i Lærdal vil frå 1. januar 2015 overta det administrative ansvaret for løyva for godstransport og turvogn. Hittil er det fylkeskommunane som har hatt dette ansvaret. Samstundes vil det internasjonale løyvet for gods- og turvogn (fellesskapsløyvet) også gjelde som nasjonalt løyve. I tillegg er det vedteke lov- og forskriftsendringar som har påverknad på dei som har eller søkjer om godstransport- og turvognløyve.

– Det er positivt at vi no får eit regelverk som samsvarar med det ein har i Europa. Det seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at det i statsråd i dag blei vedteke endringar i yrkestransportregelverket. Desse trer i kraft 1. januar 2015.

Løyveperioden for det nye løyvet er sett til 10 år. Samstundes vil allereie utstette nasjonale løyve for gods- og persontransport få ei gyldigheitstid på 10 år frå endringane blir sette i verk.

Strengare krav til vandel

Samferdselsdepartementet har òg vedteke forskriftsendringar som legg til rette for å implementere nye reglar for yrkes- og marknadstilgang for transportørar. Det nye regelverket er langt på veg ei vidareføring av gjeldande rett. Reglane vil likevel vere med på å styrkje seriøsiteten i vegtransportbransjen i EØS. Krava til vandel er noko strengare, og det blir innført eit register over vegtransportørar som blant anna vil fange opp dei som ikkje overheld reglane på tvers av landegrensene.

Ansvarsdeling fylkeskommunar og stat

Fylkeskommunane skal framleis ha ansvaret for behovsprøvde løyve – løyve for buss i rute, drosjeløyve, selskapsvognløyve og løyve for transport for funksjonshemma.

Staten skal framleis ha det overordna ansvaret for løyve for riksvegferjer og for ruteløyve på veg som kryssar fylkesgrenser. Løyvemyndet er delegert til Vegdirektoratet og fylkeskommunane, med unntak for kystruta Bergen-Kirkenes.

Meir informasjon om endringane og kontaktinformasjon til den nye administrasjonseininga i Lærdal, vil kome på våre nettsider.

Stortinget sitt lovvedtak nr. 66 (2012-2013)

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2013-06-21-104?q=endringer+i+yrkestransportloven

Høyring om overføring av løyveansvaret frå Samferdselsdepartementet og fylkeskommunane til Statens vegvesen

Høyring om gjennomføring av vegpakken i norsk rett

Ny nasjonal eining blir etablert i Lærdal (pressemelding frå Statens vegvesen av 8. april 2014)

Abonner