Nytt løft for samferdsel – 1,5 milliardar kroner meir til drift og vedlikehald

​- Regjeringa tek eit nytt stort løft for veg- og jernbanenettet i landet, og satsar særleg på drift og vedlikehald. Vi må ta vare på den infrastrukturen vi allereie har, både for å betra trafikktryggleiken og livskvaliteten til folk flest. No stansar vi forfallet på vegane og byrjar arbeidet med å ta att etterslepet på jernbanen, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Satsinga på veg og bane er på eit historisk høgt nivå. Forslaget for 2011 er på 29,4 milliardar kroner. Det er ein vekst på 2,8 milliardar kroner eller 10,6 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2010.

Det er då teke omsyn til ei eingongsløyving på 500 millionar i 2010 i samband med overføringa av delar av riksvegnettet til fylkeskommunane.

Med dette har løyvingane til veg auka med om lag 44 prosent sidan 2005. Talet for Jernbaneverket er på om lag 67 prosent.

For å lesa resten av hovudpressemeldinga, temapressemeldingane, fylkesvis oversikt over forslag og tiltak i samferdselssektoren og budsjettdokumentet – sjå samlesida til Samferdselsdepartementet om statsbudsjettet 2011.

Pressevakt: Mobil 919 14 777 (08-16)

Abonner