Nytt vegtilsyn på Voss frå 2012

- Tilsynsoppgåvene til Statens vegvesen skal leggjast til ei eiga eining direkte under vegdirektøren. Det skal vera eit tydeleg organisatorisk og styringsmessig skilje mellom tilsynsverksemda og anna verksemd i etaten. Vegtilsynet skal vera på plass første halvår 2012 og leggjast til Voss, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Vegtilsynet får ved oppstart 5-10 tilsette. Det skal mellom anna føra tilsyn med at staten, fylkeskommunane og kommunane har naudsynte system for å oppfylla fastsette krav til tryggleik.

Opprettinga av vegtilsynet er i tråd med handsaming i Stortinget hausten 2010.

For fleire opplysningar om opprettinga – klikk inn på følgjande dokument på nettsida til Samferdselsdepartementet:

For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Tags:

Abonner