Oslo lufthamn, Gardermoen: Grønt lys for utbygging av terminal 2

- Utbygging av terminal 2 vil sikra ei vidare positiv utvikling på Gardermoen. Samstundes vil ei slik utviding koma heile landet til gode. Det er no opp til styret i Avinor å ta ei endeleg avgjerd i denne saka, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.  

Samferdselsdepartementet har i dag vedteke å fornya og endra konsesjonen til Oslo Lufhavn AS. Dette opnar for at Oslo Lufthavn AS kan byrja arbeidet med terminal 2-prosjektet (T2), ei utviding av terminalbygget ved Oslo lufthamn, Gardermoen.

Det er venta at flytrafikken på Austlandet vil veksa dei neste åra. Påbygging av terminalen er eit prosjekt med god bedriftsøkonomisk lønsemd for Avinor og høg lønsemd for samfunnet. Gardermoen er eit nav både for flytrafikken innanlands og til og frå utlandet. Ei vidareutvikling av Gardermoen vil sikra passasjerar frå alle delar av landet eit tenleg flyrutetilbod også dei neste tiåra. Inntektene frå ein større terminal vil vidare medverka til at Avinor kan halda oppe eit landsdekkjande nett av 46 lufthamner i tida framover.

Konsesjonen gjeld for 20 år. Første fase av terminalutvidinga skal stå ferdig i 2017, medan andre og siste fase av utbygginga er planlagt gjennomført mellom 2019 og 2029. I 2009 var passasjertalet på om lag 18 millionar. Den maksimale kapasiteten ved den noverande terminalen er på 23 millionar passasjerar i året. Når første fase av utvidinga eventuelt er ferdigstilt i 2017, vil det vera  rom for 28 millionar passasjerar i året. I konsesjonen er taket sett til 35 millionar passasjerar. Før styret i Avinor eventuelt gjer vedtak om utbygging av fase to, må saka tilbake til regjeringa.  

Kollektivdelen i tilbringartenesta til Gardermoen ligg rundt 60 prosent. I internasjonal samanheng er dette eit høgt tal. Konsesjonen har eit krav om at Oslo Lufthavn AS  skal arbeida for at kollektivdelen i tilbringartenesta kan haldast oppe på dette nivået.


For fleire opplysningar – sjå:

  • Brev av 22. desember 2010 frå Samferdselsdepartementet til Oslo Lufthavn AS (pdf) 


For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakttelefonen, tlf.: 919 14 777 (kvardagar 8-16)

Tags:

Abonner