Post- og teletilsynet: Torstein Olsen ny direktør

Torstein Olsen er i statsråd i dag tilsett som direktør og leiar for Post- og teletilsynet. Han er 55 år og busett i Oslo. Olsen har frå 1997 vore tilsett i Post- og teletilsynet som avdelingsdirektør.

Torstein Olsen er utdanna cand. oecon. frå Universitetet i Oslo i 1986, og har arbeidd mellom anna i Olje- og energidepartementet og Kredittforetakenes Forening/Bankforeningen. I Post- og teletilsynet har han leia Posttilsynsavdelinga og Tenestemarknadsavdelinga.

- Med Torstein Olsen har Post- og teletilsynet fått ein svært  kompetent direktør som har gode faglege og personlege føresetnader for å leie tilsynet sitt viktige arbeid i post- og telesektoren, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Post- og teletilsynet sitt arbeidsområde omfattar fastsetjing og oppfølging av forskrifter, tilsyn med aktørar på post- og teleområdet, standardisering, tildeling og kontroll med konsesjonar, konkurranseregulering, frekvensforvaltning, autorisasjon av leverandørar og installatørar og internasjonalt arbeid på post- og telesektoren. Tilsynet har sitt hovudkontor i Lillesand i Aust-Agder.

Les heile saka:

http://www.regjeringen.no/nn/dep/sd/pressesenter/pressemeldingar/pressemeldinger/post--og-teletilsynet-torstein-olsen-ny-.html?id=648402

 

 

Abonner