Regjeringa vil innføra "narkometer"

​Regjeringa vil innføra narkometer, lovfastsette grenser og andre tiltak mot køyring i rus, og kjem difor til å be Stortinget gjennomføra endringar i vegtrafikklova relatert til ruspåverka køyring. Noreg innfører låge lovfastsette grenser for andre rusmidlar enn alkohol. Dette vil innebera mykje betre samsvar mellom promillegrensa på 0,2 og køyring under påverknad av anna rus.

- For å nå målsetnaden om å redusera talet på skadde og drepne i trafikken yttarlegare, må eksisterande tiltak forbetrast og nye tiltak setjast inn, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I  løpet av dei siste 10 til 20 åra har det blitt fleire som køyrer under påverknad av narkotika og legemiddel. Ei stor undersøking i regi av Folkehelseinstituttet, viser at om lag ein av hundre bilførarar utgjer auka trafikkfare på grunn av rus forårsaka av narkotika og legemiddel.

Ei arbeidsgruppe fremja i fjor vår ei rekke forslag til endringar i vegtrafikklova der forslaget om nulltoleranse er det mest sentrale. Forslaga har no vore på høyring og høyringsinstansane er i det alt overvegande positive til rapporten frå arbeidsgruppa med tilhøyrande lovforslag. Mellom andre føreslåtte tiltak er innføring av lovheimel for testing av førarar med narkometer og innføring av låge lovfastsette grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre rusmidlar enn alkohol.

Politiet har allereie starta arbeidet med hurtigtestar, populært kalla narkometer, og eit avgrensa tal skal vera på plass innan utgangen av 2011.

Arbeidsgruppa som har arbeidd med endringar i vegtrafikklova som skal motverka ruspåverka køyring av andre rusmiddel enn alkohol, har vore leia av Samferdselsdepartementet, med representantar frå Justisdepartementet, politiet, påtalemakta og Folkehelseinstituttet.


For fleire opplysningar - sjå:

 

For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner