Revidert nasjonalbudsjett 2011: Meir til fornying av jernbanen

- Jernbaneverket brukar i år 2,8 milliardar kroner til vedlikehald og fornying. I Oslo-området har dei fått dei pengane som dei klarer å bruka. No styrkjer vi innsatsen på det øvrige jernbanenettet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.   

Den foreslåtte tilleggsløyvinga skal nyttast slik:

  • 17 millionar kroner til å framskunda fornying av kontaktleidningsanlegg på Vestfold- og Sørlandsbanen.
  • 10 millionar kroner til førebuing av arbeid med å reinsa ballast (pukklaget under skinner og sviller) og fornya kablar på Østfoldbanen.
  • 13 millionar kroner til fleire fornyingstiltak som omfattar driftsbasen på Marienborg i Trondheim, sporvekslar og skilting på Jær-/Sørlandsbanen og snøryddingsutstyr.

Med den foreslåtte tilleggsløyvinga på 40 millionar kroner vil det for 2011 vera løyvd i alt 4 973 millionar kroner til drift og vedlikehald av linjenettet.


Sjå òg følgjande pressemelding frå Samferdselsdepartementet i samband med revidert nasjonalbudsjett 2011: Auka innsats for trafikktryggleik


Fleire opplysningar:

Prop. 120 S (2010-2011) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2011


Pressetelefon: 919 14 777 (08-16)

Abonner