Riksveg 2 Kongsvinger – Slomarka: 16,5 kilometer firefelts veg ferdig hausten 2014

- Ny firefelts riksveg 2 på mellom Kongsvinger og Slomarka vil føra til tryggare og meir effektiv trafikk på ei strekning som er viktig både for trafikk over grensa til Sverige og innan Solør- og Glomdalsregionen. Anleggsarbeidet på den 16,5 kilometer lange vegen kan ta til i år og vil vera ferdig hausten 2014, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Eit forslag om finansiering og utbygging av riksveg 2 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark blei lagd fram i statsråd i dag.

Frå  Kurusand i  Kongsvinger skal den nye vegen gå langs fylkesveg 175, og han kryssar så Glomma med ny bru. Gjennom Sør-Odal blir den nye vegen bygd langs noverande riksveg 2 nord for Glomma. I prosjektet inngår dessutan  mellom anna tre planskilde kryss og ei omfattande omlegging av fylkesvegar, kommunale vegar og private tilkomstvegar. Vegen skal byggjast som firefelts veg, med breidd på 16,5 meter.

- Sjølv om jordvernomsyn gjer at det er ulike syn lokalt når det gjeld trasévalg, har prosjektet brei lokalpolitisk tilslutning, seier samferdselsministeren.

Prosjektet har ei kostnadsramme på 1816 millionar 2011-kroner. I tråd med tidlegare kommunale og fylkeskommunale vedtak skal utbygginga finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar.

I forslaget blir det vist til at når  utbygginga av strekninga Kongsvinger – Slomarka er ferdig utbygd, vil det stå att å  byggja ut den om lag 33 kilometer lange strekninga Slomarka – Herbergåsen – Nybakk i Sør-Odal og Nes kommunar, før det blir firefelts veg på heile riksveg 2-strekninga Kongsvinger i Hedmark – Kløfta i Akershus. Utbygginga av riksveg 2 på strekninga Kløfta – Nybakk var første etappe i utbygginga av riksveg 2 og var ferdig i 2006/2007.

For fleire proposisjonen, fleire opplysningar og kartskisse – sjå:

http://www.regjeringen.no/nn/dep/sd/pressesenter/pressemeldinger/pressemeldinger/riksveg-2-kongsvinger--slomarka-165-kilo.html?id=641001

Pressetelefon: 919 14 777

Abonner