Riksveg 80: Tryggare trafikk og kortare reisetid med ny Tverlandet bru

- Ny riksveg 80 mellom Løding og Vikan gir trafikantane tryggare veg, med betre standard og kortare reisetid. Utbygginga fører òg til at det blir samanhangande gang- og sykkelveg mellom Tverlandet og Bodø sentrum. Anleggsarbeidet kan ta til i sommar. Eg vonar at den nye vegen kan opnast for trafikk i slutten av 2013, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Eit forslag om utbygging og finansiering av riksveg 80 Løding – Vikan i Bodø kommune blei lagt fram i statsråd i dag.

Prosjektet omfattar bygging av om lag 2,1 kilometer ny veg, medrekna den om lag 700 meter nye Tverlandet bru mellom Løding aust for Hopsfjorden og Vikan industriområde vest for Hopsfjorden. Den nye brua, med tilførselsvegar, vil korta inn vegen mellom Løding og Bodø med om lag to kilometer og fjerna ei rasutsett strekning ved Hopshamran. Bygging av 2,8 kilometer gang- og sykkelveg er òg ein del av prosjektet.

Brua får fire felt og midtrekkverk, medan det blir tofelts veg på begge sider av Hopsfjorden. Løysinga med fire felt på brua har samanheng med at trafikken er venta å veksa vesentleg i løpet av levetida til brua. Dersom brua blir bygd med to felt, vil det vera vanskeleg og kostnadskrevjande å utvida brua til fire felt på eit seinare tidspunkt, eller alternativt å byggja ei ny bru.

Prosjektet har ei samla kostnadsramme på 629 millionar 2011-kroner. I tråd med lokale ynske og vedtak skal utbygginga finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar.

Kartinformasjon samt alle dokument om saka:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/pressesenter/pressemeldinger/pressemeldinger/riksveg-80-tryggare-trafikk-og-kortare-r.html?id=631474

 

For meir informasjon - ta kontakt med Samferdselsdepartementet via: Pressetelefon: 919 14 777 (kvardagar kl. 08 - 16) E-post: sdinfo@sd.dep.no www.regjeringen.no/sd

Abonner