Samferdselsminister Kleppa: Raskare planlegging av store veg- og jernbaneprosjekt !

- Med raskare og meir effektiv planlegging kan samfunnet få større nytte av veg- og jernbaneprosjekt som er viktige for å styrkja næringsliv, regional utvikling og trafikktryggleik. Det er derfor nødvendig å sjå på tiltak som kan korta ned planleggingstida, samtidig som ein tar omsyn til fagleg kvalitet og ein open og demokratisk prosess, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Samferdselsdepartementet oppretta i desember i fjor ei eiga arbeidsgruppa som innan 1. april i år skal leggja fram ein rapport om dei viktigaste tiltaka for å gjera planlegginga meir effektiv.

Arbeidsgruppa skal særleg vurdera korleis ein innanfor dagens regelverk kan få til meir effektiv planlegging. Gruppa kan også peika på behov for endringar i gjeldande regelverk. Forslaga og prioriteringane frå gruppa skal kunna gi grunnlag for konkretisering og vidare oppfølging i både i staten og i kommunesektoren.

Arbeidsgruppa skal mellom anna ta for seg og følgja opp synspunkt og opplysningar som kom fram då Samferdselsdepartement i slutten av november i fjor gjennomførte ein idedugnad om kortare planleggingstid for store veg- og jernbaneprosjekt.

Ekspedisjonssjef Anders Buttedahl, Veg- og trafikktryggleiksavdelinga i Samferdselsdepartementet er leiar for arbeidsgruppa, som elles har medlemmer frå Vegdirektoratet, Jernbaneverket, Kommunenes Sentralforbund og Byggenæringens Landsforening. Sekretariatet for gruppa er lagt til Samferdselsdepartementet. 

For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Abonner