Samferdselsministeren og Hoksrud bak rattet - skal teste sambanda mellom aust og vest

16. februar set samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og statssekretær Bård Hoksrud seg i kvar sin bil. Dei køyrer frå Oslo til Bergen - kvar si rute over fjellet. Dagen etter køyrer dei to andre ruter tilbake til Oslo.

- Før eg tek stilling til hovudsamband mellom aust og vest, vil eg og mannskapet mitt køyre dei ulike rutene og møte folk langs vegen. Vi vil sjå tilstanden på vegnettet med eigne auge, og vi vil lytte til dei som bur langs vegen. Vi vil møte næringsliv, yrkessjåførar, organisasjonar, lokale politikarar og folk flest, seier samferdselsminister Solvik-Olsen.

- Det er viktig med meir påliteleg samband og redusert reisetid mellom aust og vest. Vi må ha nokre hovudtrasear som er særleg godt lagt til rette for langtransport. Då kan vi ikkje spreie investeringsmidlar tynt utover. Samstundes må vi halde fram med det viktige arbeidet med rassikring og trafikktryggleik på alle fjellovergangane. Vi skal også følgje opp de prioriteringane som alt ligg i dagens Nasjonal transportplan, mellom anna utbygginga av E16 over Filefjell som no er i gang, seier samferdselsministeren.

Samferdselsministeren inviterer også til folkemøte i Bergen når han og dei andre politikarane kjem fram, klokka 19.00 på Radisson Blu Hotel Norge.

- Eg ser fram til å få gode råd frå engasjerte vegbrukarar. I fjor sommar køyrde eg E6 frå Oslo til Kirkenes. Dette er ein like viktig tur.

Turen startar grytidleg måndag morgon. Det vil vere synfaringar fleire stader, møte med lokale styresmakter, presse og folk gjennom begge dei to reisedagane.

Samferdselsdepartementet kjem tilbake med fleire detaljar om turen.

Reiserute

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

  • Dag 1: E16 over Filefjell
  • Dag 2: Fv 7 via Hardanger til Hardangerbrua og rv 7 til Hønefoss

Statssekretær Bård Hoksrud

  • Dag 1: Rv 7 og rv 52
  • Dag 2: Os-Fusa-Odda og E 134

Pressa er velkomne til å møte samferdselsministeren og politisk leiing etter nærare avtale. For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Susanne Moen Stephansen via e-post: sms@sd.dep.no

Les også om utgreiinga frå Statens vegvesen om sambandet mellom aust og vest

Bilder: Under i stor versjon eller via nett:  https://www.regjeringen.no/nb/aktuelt/samferdselsministeren-og-hoksrud-bak-rattet----skal-teste-sambanda-mellom-aust-og-vest/id2395181/

Større versjon

Viktig å vere godt budd og godt skodd på langtur: 16. og 17. februar køyrer samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og hans mannskap dei ulike rutene mellom Oslo og Bergen. Samferdselsministeren får med seg (frå venstre) statssekretærane Tom Cato Karlsen (FrP), Bård Hoksrud (FrP) og John-Ragnar Aarset (H) og politisk rådgjevar Reynir Jóhannesson (FrP).

Større versjon

Kartlesing: Det er fire ruter som er aktuelle når Samferdselsdepartementet skal ta stilling til hovudsambandet mellom aust og vest.

Begge foto: Tor Midtbø/SD

Abonner

Multimedia

Multimedia