Samferdselsministeren vil ha statusrapport for ekspressbussmarknaden

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa vil i løpet av 2011 få utarbeidd ein statusrapport for ekspressbussmarknaden. – Samferdselsdepartementet vil gjerne vita meir om tenestetilbodet, marknaden og inntektsgrunnlaget for ekspressbussane, seier statsråden.

I Nasjonal transportplan for 2010-2019 finst det ein eigen omtale av ekspressbusspolitikken. - Regjeringa ønskjer eit meir tilgjengeleg kollektivtilbod med fleire avgangar, kortare reisetid og auka regularitet. Ekspressbussmarknaden høyrer naturleg med i ein samla strategi for kollektivtransporten, seier statsråden.

På lange og mellomlange strekningar er ekspressbussen eit effektivt og fleksibelt alternativ til individuell transport. Bussane bind den eine bykjerna saman med den andre, og gjennoom eit fleksibelt stoppmønster undervegs, slik at ein effektivt dekkjer eit vidt spekter av persontransporttenester. Til saman utgjer bussrutene eit relativt finmaska nett som bind regionar saman. Busstrafikken tek kundar primært frå biltrafikken, og avlastar slik sett både vegnett og miljø.

Målsettinga med statusrapporten er å få betre oversikt over utviklinga i ekspressbussmarknaden etter liberaliseringa av marknaden i 2003. Liberaliseringa var basert på at marknaden består av kommersielle fylkesgrensekryssande bussruter. Næringa opplevde ein sterk vekst de første åra etter liberaliseringa. Samferdselsdepartementet er ansvarleg for ekspressbusspolitikken, sjølv om løyveforvaltninga er delegert til fylkeskommunane, og treng kunnskap om denne marknaden, til dømes om utvikling i tenestetilbod, talet på reisande og omsetning, og korleis inntektene utviklar seg, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.


For fleire opplysningar - sjå:


For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakttelefonen, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

 

Tags:

Abonner