Skredsikring av fylkesvegar 2014-2017: 2,6 milliardar kroner i statlege tilskott

- Sikring av skredutsette strekningar og punkt på vegnettet er ein viktig del av arbeidet for tryggare trafikk og eit meir effektivt transportsystem. Slike tiltak er også med på å få bort noko av den uvissa mange opplever når ein dagleg må ferdast langs vegar med  fare for skred.  

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet no har godkjent handlingsprogrammet for tildeling av statlege tilskott til skredsikring på fylkesvegane for dei fire åra 2014-2017.

I alt 2,63 milliardar 2014-kroner er for denne perioden fordelt til 12 fylke. Dei statlege tilskotta kjem i tillegg til midlane som fylkeskommunane sjølv løyver til skredsikring på fylkesvegane.

Rammene for tilskott har vore lagt fram for fylkeskommunane, som så har kome med innspel til fordeling av rammene  til dei einskilde skredsikringsprosjekta.

I eit brev frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet blir det vist til at fylkeskommunane sin faktiske bruk av tilkotta i åra 2010-2013 har vore vesentleg mindre enn det som opphavleg var lagt til grunn ved løyving og tildeling av statlege midlar til skredsikring på fylkesvegane.

- For å få rask framdrift i skredsikringa blir det lagt opp til at det kan omdisponerast midlar mellom prosjekt i eitt fylke og midlertidig mellom fleire fylke, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet vil følgje bruken av dei statlege tilskottsmidlane nøye ved at Statens vegvesen rapporterer til departementet gjennom året.

Fylkesvis fordeling 2014 - 2017

Midlane for statlege tilskott til skredsikring av fylkesvegar i perioden 2014-2017 er fordelte slik:

                                                                                Millionar 2014-kroner

Fylke 2014 2015 2016 2017 2014- 2017  
Akershus 54 54  
Oppland 70 45 50 75 240  
Telemark 25 25  
Vest-Agder 15 55 71 15 156  
Rogaland 60 29 89  
Hordaland 109 132 57 10 308  
Sogn og Fjordane 47 93 147 200 487  
Møre og Romsdal 130 115 68 35 348  
Sør-Trøndelag 39 17 63 50 169  
Nordland 30 105 170 118 423  
Troms 27 7 51 172 257  
Finnmark 12 28 10 20 70  
Sum 564 626 687 749 2 626  

Fleire opplysningar: Sjå brev av 1. april 2014 frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet (pdf)

Abonner