Tilleggsforslag statsbudsjettet 2014: Auka løyvingar til veg og jernbane

- Regjeringa føreslår auka løyvingar til veg og bane over statsbudsjettet for 2014. Mellom anna vil vedlikehald av jernbanen få eit ekstraløft, og vi løyver midlar til å utbetre skadar på veg- og jernbanenettet etter flaumen på Vestlandet tidlegare i haust, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Regjeringa føreslår 10 millionar kroner til å utbetre skadane som flaumen på Vestlandet påførte riksvegnettet i Hordaland og Sogn og Fjordane i oktober i år, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Det er føreslått å sette av til saman 66 millionar kroner til riksveginvesteringar. Av dette er 40 millionar kroner føreslått til å kjøpe ut eigedom for å leggje til rette for framtidig bygging av ny E18 på strekninga Lysaker-Ramstadsletta i Akershus.

Det er sett av 10 millionar kroner til å løyse ut næringseigedom langs traseen på riksveg 110 mellom Simo og Ørbekk. For å sikre tilstrekkeleg framdrift i prosjektet, som inngår i Bypakke Nedre Glomma, bør utløysinga av eigedom helst skje i 2014.

16 millionar kroner skal dekkje den statlege delen av meirkostnadane knytt til bygging av fylkesveg 115 Vamma-Ringnesdalen, som er ein sideveg for E18 i Østfold.

I samband med endring av den differensierte arbeidsgiveravgifta frå 1. juli 2014 var det mellom anna lagt opp til å kompensere statleg kjøp etter gjeldande avtalar. Det blir difor føreslått å auke løyvinga til statleg kjøp av riksvegferjetenester med 8 millionar kroner.

Forlenga bompengeinnkrevjing på E18 gjennom Vestfold

Regjeringa går inn for å redusere bomtakstane på E18 gjennom Vestfold frå 88 kroner til 57 kroner. Dette er eit viktig grep for å styrkje trafikktryggleiken på sidevegane til E18, der fylkeskommunen frykta mykje trafikklekkasje med dei tidligare planlagde takstane. Regjeringa tek utgangspunkt i den komande bompengereformen, og vil i ei overgangsordning imøtekomme fylkeskommunen sitt ynske om å forlengje perioden for innkrevjing av bompengar for heile E18 gjennom Vestfold frå 15 til 20 år.

- Dette vil gi samla bompengetakst på E18 gjennom Vestfold på om lag 57 kroner, mot 88 kroner i dag, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Det er ein føresetnad at heile E18-prosjektet blir lagt inn under eit av dei nye bompengeselskapa når dei er etablerte. I samband med at den siste delstrekninga av ny E18 gjennom Vestfold står ferdig i 2017, vil Samferdselsdepartementet sjå på takstnivå og innkrevjingsperiode på ny.

Jernbane: midlar til utbetring av skadar etter flaum på Vestlandet

Regjeringa føreslår 12 millionar kroner til å dekkje kostnader til utbetring av skadar på Bergensbanen og Flåmsbanen i samband med flaumen på Vestlandet i oktober 2014. Begge banane blei då stengde for trafikk. Løyvinga er føreslått fordelt med 6 millionar kroner til kvar av strekningane.

Lågare framdrift og utsett produksjon på ein del investeringsprosjekta på jernbanenettet gjer at Jernbaneverket har valt å omdisponere 257 millionar kroner til fornying av eksisterande infrastruktur. Midlane har mellom anna blitt brukt til:
- å byte ut skinner og svillar på Gjøvikbanen og på Alnabru - å forsere fornying av kontaktleidningsnettet på Sørlandsbanen - å utbetre Dovrebanen etter flaumen i 2013 - å ruste opp den sørlege delen av Numedalsbanen etter oppstart av tømmertrafikk på strekninga - å utbetre transmisjons- og fiberkabel - fornying av plattform på Greverud stasjon 

Prop. 32 S (2014-2015) Endringar i statsbudsjettet 2014 under Samferdselsdepartementet

Abonner