Trafikktryggleik: Automatisk måling av gjennomsnittsfart på 11 vegstrekningar i 2011

- Statens vegvesen har evaluert tre vegstrekningar med automatisk måling av gjennomsnittsfart. Evalueringa viser redusert ulukkesrisiko med opptil 35 prosent. Eg har difor gitt grønt lys til at vegvesenet i år kan setja i verk slike målingar på ytterlegare 11 vegstrekningar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.   

Evalueringa til Statens vegvesen syner mellom anna at risikoen for dødsulukker på E6 ved Dovreskogen er redusert med om lag 35 prosent som følgje av automatisk måling av gjennomsnittsfart (streknings-ATK). Sjåførane køyrer om lag 9 km/t saktare enn før tiltaket blei sett i verk. Statens vegvesen har òg evaluert effekten av denne type måling på E18 i Grenland og riksveg 3 i Østerdalen.

- Det viktigaste tiltaket for å redusera dødsulukker og alvorlege ulukker på vegane er å få sjåførane til å halda fartsgrensene og å tilpasse farten etter forholda. Automatiske målingar av gjennomsnittsfart er såleis eit effektiv tiltak når det gjeld å betra trafikktryggleiken. Omsynet til personvernet til bilistane skal òg ivaretakast ved direkte automatisk sletting av data for dei bilistane som held fartsgrensene, seier samferdselsministeren. 

I 2011 kan streknings-ATK bli etablert på følgjande vegstrekningar:
-  
Fv 653 Eiksundtunnelen, Møre og Romsdal
-  
E39 Byfjordtunnelen, Rogaland
-   E6 Helltunnelen, Trøndelag

-  
E8 Tromsøysundtunnelen, Troms
-  
Rv 7 Hallingdal, Buskerud
-   E8 Lavangsdalen, Troms

I 2011 er det i tillegg sannsynleg at streknings-ATK kan bli etablert på følgjande strekningar:
-
Rv 475 Flekkerøytunnelen, Vest-Agder
-  
E16 Lærdalstunnelen, Sogn og Fjordane
-   
Rv 25 Elverum-Trysil, Hedmark
-   
Rv 8 Stryken – Grua, Oppland
-    Fv 57 Lindås – Lauås syd, Hordaland 

I løpet av dei komande tre åra blir det vurdert å etablera streknings-ATK på inntil 40 strekningar, inkludert dei 11 i år. Etablering av strekningane blir gjort i samarbeid med mellom anna politiet og andre styresmakter.


For fleire opplysningar – sjå:


For meir informasjon – ta kontakt med:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf. 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Tags:

Abonner