Utbetring av fylkesveg 34 Grime – Vesleelva: 10,3 km tofelts veg og vel 7 km ny gang- og sykkelveg

- Utbetringa av vegen Grime – Vesleelva vil gi tryggare, meir miljøvenleg og effektiv trafikk, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.  

Arbeidet med utbetring av denne fylkesvegstrekninga i Søndre Land kommune i Oppland kan finansierast ved ein kombinasjon av fylkeskommunale midlar og bompengar. Prosjektet har ei kostnadsramme på 193 millionar 2011-kroner, går det fram av eit forslag som blei lagd fram i statsråd i dag.

Strekninga Grime – Vesleeleva på fylkesveg 34 er 10,3 kilometer lang. Dagens veg er smal og svingete, har eit dårleg vegfundament og ei vegbreidd som varierer mellom 5,5 og 7 meter. Prosjektet omfattar utbetring av vegen til tofelts veg, med 7,5 meter vegbreidd. Det skal òg byggjast om lag 7,1 kilometer ny gang- og sykkelveg langs fylkesveg 34. I tillegg kjem utbetring av 34 busslommer og arbeid som fører til at om lag 120 bustader får ein meir trafikksikker tilkomst til fylkesveg 34. Det vil dessutan bli gjennomført støyskjermingstiltak for om lag 80 bustader.

Anleggsarbeidet skal etter planen starta i 2011 og vil vera ferdig i 2013.

For proposisjonen, kartskisse og fleire opplysningar – sjå:

http://www.regjeringen.no/nn/dep/sd/pressesenter/pressemeldinger/pressemeldinger/utbetring-av-fylkesveg-34-grime--vesleel.html?id=641008

Pressetelefon: 919 14 777

Abonner