Agnes Ravatn og Ragnar Hovland lanserer nye bøker 7.4.

Lansering av nye bøker av Agnes Ravatn og Ragnar Hovland på Litteraturhuset, Torsdag 7. april, kl. 19.00. Forfattarane i samtale med Fredrik Wandrup.

I boka Kunsten å komme heim og andre essay møter vi lesaren og formidlaren Ragnar Hovland på sitt beste. Her handlar det om å finne sin plass både i livet og i litteraturen. Agnes Ravatn derimot, har i si siste bok Folkelesnad tråla Narvesens bladhyller. Kva er det eigentleg dei vil med oss, desse blada?

RAGNAR HOVLAND - KUNSTEN Å KOMME HEIM OG ANDRE ESSAY
Over 20 år etter essayboka Konspirasjonar (1990), er Ragnar Hovland tilbake med ei ny samling. Her møter vi lesaren og formidlaren Hovland på sitt beste. Vi får høyre om mellom andre Dickens, Jansson, Wodehouse, Brautigan, Vian, Bichsel, Queneau og Carroll. Kjensla av å komme heim opptrer i ulike samanhengar – det handlar om å finne sin plass både i livet og i litteraturen. Hovland lar oss ta del i sin eigen litterære kanon, og gjennom hans særeigne måte å gjenskape sine lesaropplevingar på, blir denne viktig også for oss.

 

AGNES RAVATN - FOLKELESNAD

Ravatn tek vekebladet frå munnen

Agnes Ravatn har tråla Narvesens bladhyller, og sett seg godt til rette i godstolen. Ho tar oss med til ei insisterande og til tider skremmande verd, der urealistiske ideal og massiv behovsskaping regjerer. Ein monotoni, i nummer etter nummer, som får oss til å stille spørsmål som: Kva er det eigentleg dei vil med oss, desse blada? Er det rein underhaldning og eskapisme, eller skildrar dei noko som for mange er ei verkelegheit? Agnes Ravatn tar jaktblada på kornet og pornoblada på dei mest erogene soner, ho lar blada
tale for seg sjølv, men ho tar også bladet frå munnen. Les, lær og le!

Foto: Paul Bernard

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no  , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia