BLIXPRISEN 2011 TIL FORFATTAR INGVILD HOLVIK

Ingvild Holvik debuterte i 2010 med romanen Lykkefeltet . Juryen bak Blixprisen kallar Holvik "ein heilstøpt forfattar alt i debuten".

Blixprisen er ein litterær pris som årleg blir delt ut av litteraturselskapet Det Norske Samlaget til ein framifrå nordnorsk forfattar som skriv på nynorsk. Prisen er på 15000 kroner og kjem frå Elias og Emma Blix´ minnefond. 

Frå grunngjevinga til juryen:

"Ingvild Holviks roman Lykkefeltet handlar om psykologistudenten Stine, som har flytta til far sin for å halde auge med søstera Gro som er deprimert. Stine er den som tar ansvar i familien, innkallar til husmøte og passar på at alle gjer som dei skal.

Litt etter litt forstår lesaren at det kanskje ikkje berre er Gro som har problem, men at forteljaren Stine er upåliteleg og kanskje den ein skal uroe seg aller mest for.

Den alvorlege tematikken blir skrive fram med presis humor og skarpe observasjonar. Dette er ikkje ein deprimerande roman, men ein roman som skriv treffande, lakonisk og lattervekkande om ei svart tid i ein families liv. Forteljarstemma er treffsikker, borande og presis. Teksten er så gjennomarbeidd og trygg, Holvik har eit så godt grep om stoffet sitt at ein som lesar aldri er redd for at forfattaren skal miste grepet om forteljinga eller forteljarstemma. 

Det er lite som avslører at dette er arbeidet til ein skårunge og førstereisforfattar. Som kritikar Maya Troberg Djuve i Dagbladet skreiv i meldinga si: 

«Med autoritet, alvor og vidd skriver Ingvild Holvik om en liten families ikke helt velfungerende hverdag. [...] Også de tette, gnagende og morsomme dialogene trekker leseren videre i denne romanen, som på alle måter er en lovende skjønnlitterær debut.»

Holvik framstår som ein heilstøypt forfattar allereie i debuten, og Lykkefeltet blei mellom anna nominert til P2-lyttaranes romanpris. Det er med stor glede at juryen gir minneprisen etter Emma og Elias Blix for 2011 til Ingvild Holvik."

I følge statutta kan prisen delast ut for skjønnlitteratur eller faglitteratur, og rettar seg særleg mot yngre forfattarar eller forfattarar som skriv for ungdom. Legatet blir forvalta av Det Norske Samlaget.

Juryen har vore: Kine Hellbust, Nordnorsk Forfattarlag, Ragnfrid Trohaug, Det Norske Samlaget og Petter Kjærnes, Blix-markeringa i Gildeskål.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no  , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia