Boklansering: Sjabervik - portrett av ei kystbygd gjennom 175 år

Report this content

I si nye novellesamling Sjabervik tek Øystein Orten oss med til eit fiktivt kystsamfunn, der han skildrar bygda og menneska gjennom forteljingar som spenner over 175 år. Ved å portrettere dei som har falle utanfor samfunnet, kjem vi tett på dei sosiale mekanismane og dei uskrevne reglane i bygdesamfunnet. Ved sida av den meir tradisjonelle novellesjangeren får vi gjennom reiseskildringar, brev, talar og dagboksnotat innblikk i livsvilkår og endringar fram gjennom århundra.

- Det er dei små hendingane som står i fokus i desse novellene, seier forfattaren. Eit lite kyss på kinnet, eit udramatisk motorhavari på fjorden eller ein snøball mot ein lyktestolpe. Men sjølv trivielle episodar kan få heilt avgjerande konsekvensar for desse menneska.  

Persongalleriet spenner frå den ulykkelege husmannen Angel til den talentfulle fotballspelaren Ruban. Vi møter mellom andre ein dansk kapellan, ei gravid tenestetaus og ein bitter vararepresentant til kommunestyret. Stilsikkert og med stor empati tar forfattaren for seg dei som har hamna litt på sida i samfunnet.

- Det er outsidarane eg har villa skrive om. Desse menneska som på ein eller annan måte har fått eit dårleg utgangspunkt og som sidan vandrar langs skuggesidene gjennom resten av livet. Maktmenneska er med, men dei spelar berre statistroller i desse forteljingane, forklarar Orten.

Bygda Sjabervik blir ståande som sjølve hovudpersonen i desse 21 novellene. Tidende endrar seg, men Sjabervik ligg der som alltid, med sine bratte fjell, sin urolege sjø, med sin mørke himmel og sine glimt av lys.

Landskapet, med tusenmeter høge fjell som stuper i sjøen, minnar om Sunnmøre, noko forfattaren kan stadfeste:

-Sjabervik er ein fiktiv stad på Sunnmøre, ikkje så langt frå Ålesund. Landskapet der kjenner eg godt, og har i seg den rette dramatikken for desse forteljingane.

Øystein Orten (f. 1962)er frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med havflammen i 1995 og har seinare gitt ut både lyrikk, romanar og dokumentarboka Himmelen over Shetland.

Boka vert lansert i Ulsteinvik 4.5. (Kaffikari kl 19).

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no 

Tags:

Multimedia

Multimedia