Debuterer med eventyrleg vikingroman med handling frå Afrika

Tore Kvæven debutbok Hard er mitt lands lov er ein roman om vikingar på vill tokt opp Kongoelva. Skildringa av ferda over havet og innover i jungelen har slektskap med klassiske romanar som Moby Dick og Heart of Darkness.

Det norske skipet Havjerven ligg til hamn i Roma då høvdingen blir utfordra og drepen i sverdkamp av grønlendingen Ulfr. Ulfr tar høvdingtittelen på skipet og lokkar mannskapet med seg på ei vill havferd nedover kysten av Store Serkland (Afrika), vidare opp Kongo-elva og mot det indre av Afrika. Skildringa av ferda over havet og innover i jungelen har slektskap med klassiske romanar som Moby Dick og Heart of Darkness. Det skal visa seg at Ulfr ikkje er heilt den han har gjeve seg ut for og at mannskapet ikkje anar målet for reisa før det er for seint.

Debutanten Tore Kvæven (f. 1969) har skrive ein forrykande og spennande historisk roman. Inspirert av islendingssogene og med eit vell av historisk kunnskap om Afrika og vikingkultur tar han lesaren med på eit uforgløymeleg tokt.

Kvæven som sjølv har reist mykje i Afrika, mellom anna på lengre motorsykkelreiser, er fascinert både av dette kontinentet og av vikingkulturen. I boka ser han for seg kva som kunne skjedd om vikingane faktisk reiste så lang sør i Afrika.

Kvæven seier dette om kva han vil formidle med boka:

-Boka er først og fremst ei spenningshistorie, men undervegs har eg nok også prøvd å formidle ein slags heider til det individualistiske menneske, til natur og ein kultur som er borte.

Tore Kvæven er frå Sirdal i Vest-Agder og arbeider som lærar.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia