Hoffpoet Carol Ann Duffy på norsk

Diktsamlinga Korte dagar, endelause netter er ute på norsk, gjendikta av Jostein Sæbøe. Carol Ann Duffy (f. 1955) er skotskfødd poet og dramatikar. Ho er også professor i samtidspoesi ved Manchester Metropolitan University. Duffy blei utnemnd til Storbritannias hoffpoet (Poet Laureate) i 2009. Dette var svært omdiskutert, mellom anna fordi ho var den første kvinna og første skotte til å bli utnemnd, men også fordi ho er bifil.

Boka Korte dagar, endelause netter (original tittel: Mean Time ) er sterke dikt om tap, svik og begjær. I denne samlinga dramatiserer Carol Ann Duffy scener frå sin eigen barndom, ungdomstid og frå vaksenlivet. Ho leitar fram augneblink av nåde, ho finn trøyst i minna, i kjærleiken og i språket.

Dikta til Duffy er, trass i sin ofte alvorlege tematikk og kompleksitet, skrive i eit underhaldande og tilgjengeleg språk, slik at dei har nådd eit breitt publikum.

 

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no  

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia