Krim frå Gotland

Den svenske krimdronninga Mari Jungstedts bok I denne søte sommartid vert no lansert på norsk. Som i alle krimbøkene til Jungstedt er handlinga lagt til Gotland. Anna Gavalda-omsetjar Tove Bakke står for den norske utgåva. Jungstedts krimbøker kjem ut i fleire land, blant anna USA, England og Tyskland. Fleire av bøkene hennar er filmatiserte.

Brutale drap på idylliske Gotland

Tidleg ein vakker sommardag blir ein ung, gotlandsk snikkar og småbarnsfar kaldblodig myrda på campingplassen på Fårö. Panikken spreier seg. Kven står bak avrettinga på den idylliske stranda? Overbetjenten i det lokale politiet er på ferie – dette blir Karin Jacobssons første store sak.

Endå ein person blir drepen og eit avisoppslag tvingar Karin Jacobsson til å samarbeide med journalisten Johan Berg. Spora fører dei til ei avsidesliggjande øy, den vakre Gotska Sandön. Det blir eit samarbeid som fører begge to ut i store vanskar.

Foto: Samlaget

 

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia