Lansering av boka SØSKEN- ærlege og kjærlege tekstar om å vere søsken

29.9. lanserer Samlaget i samarbeid med tidsskiftet Ratatorsk praktboka SØSKEN.  Lobbyen i Verkstedhallen, Trondheim. kl 19.30.

Tomas Espedal , Gunhild Øyehaug , Frode Grytten og Selma Lønning Aarø er blant bidragsytarane i ei bok som undersøker temaet søsken frå mangfaldige vinklar. Det har blitt ei samling med ærlege og kjærlege tekstar, illustrert med personlege foto av søskena som er med i boka, kombinert med Benedikte Skarviks originale og stilistiske søskenfoto tatt spesielt til boka.

To søskenpar står bak boka, Kjersti og Ingrid  Rognes Solbu og Guri og Sigrid Sørumgård Botheim. Dei seier dette om prosjektet:

-Søsken er eit vidare og meir samansett tema enn vi fyrst trudde. Det er noko alle har eit forhold til, anten ein har søsken sjølv eller ikkje. Bidragsytarane tente straks på tematikken, og det har vore ein fryd å arbeide med tekstane som til saman skaper eit sårt, morosamt, overraskande og ærleg  bilete av søskenskapen.

-Undervegs har vi også  granska våre eigne søskenforhold. Vi har oppdaga nye sider ved kvarande, og vi har avdekt både grums og kjærleik.

Søskenforhold er eit grunnmotiv i litteratur og kunst, eit motiv som er nært knytt til store tema som kjærleik, sjalusi, tilhøyring og identitet. SØSKEN undersøkjer søskenskapet frå ulike perspektiv: personleg, etymologisk, naturvitskapleg, skjønnlitterært og visuelt.

Boka har bidrag frå m.a.: Gunnhild og Olav Øyehaug, Svein og Egil Nyhus, Vemund og Øyvind Solheim Ådland, Marte og Kirsti Huke, Anja og Mari Ulset, Kjersti Rorgemoen, Tomas Espedal, Juliane Rui, Henning Bergsvåg, Selma Lønning Aarø, Marita Liabø, Vera Kvaal, Frode Grytten, Nina Goga, Hans Sande og mange fleire.

Sitat frå boka:

«Hvordan skal jeg klare meg uten min søster; jeg klarer meg ikke uten min søster.»

THOMAS ESPEDAL

«Det var ei tid då eg og bror min var venner. Bileta i albumet tyder på det.»

SELMA LØNNING AARØ

«Sysken, det er sterkare versjonar av deg sjølv. ”

KJERSTI RORGEMOEN

«Vi er brødre og vi omkranser hele banen.»

HENNING H. BERGSVÅG

«Noen ganger er jeg halv. Andre ganger er jeg dobbel.»

SVEIN NYHUS

Om redaktørane bak boka:

Foto av redaksjonen:  her

Med Søsken tek litteraturtidsskriftet Ratatosk steget over i bokform. Ratatoskredaksjonen består nå av søskenpara Kjersti og Ingrid  Rognes Solbu og Guri og Sigrid Sørumgård Botheim, så da redaksjonen skulle  bestemme tema denne gongen, sa det seg sjølv.

Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) bur i Trondheim. Ho er avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge.

Sigrid Sørumgård Botheim (f. 1985) bur i Oslo. Ho er pianist og studerer nordisk ved Universitetet i Oslo. Guri og Sigrid debuterte i 2009 med romanen Ramstein pensionat.

Kjersti Rognes Solbu (f. 1979) bur i Bergen, er lærar og dagleg leiar i Landslaget for norskundervisning. Ingrid Rognes Solbu (f. 1985) bur i Trondheim og er produsent ved Teaterhuset Avant Garden.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no  , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia