Lansering av Diktkammeret 10 år - Å våga seg ut i ord

Samlaget lanserer jubileumsboka for Diktkammeret på Litteraturhuset sundag 30.10. kl 13. Redaktørane bak boka, Helge Torvund og Maria Børja kjem dit, det gjer også diktkammerpoetar og bokaktulle lyrikarar som Einar Økland, Cornelius Jakhelln og Juliane Rui.

I tillegg til å vere ei feiring av Diktkammeret er arrangementet også ei feiring av jubilant Helge Torvund som vart 60 år tidlegare i haust. Gjennom ti år har Diktkammeret på dagbladet.no vore ein klekkje- og boltreplass for ny poesi på nettet. Kvar månad blir det posta 6000 nye dikt på Diktkammeret, og heilt sidan starten har det blitt kåra «Månadens dikt». Helge Torvund har vore med og valt ut desse, og gitt dei entusiastiske og innsiktsfulle kommentarane sine. Både dikta og kommentarane er samla i denne boka.

Helge Torvund har vore med sidan starten og skrive leksjonar i diktskriving. Desse er òg samla her, og utgjer ein eigen bolk om diktarkunsten. Boka inneheld også nye intervju med nokre av dei mest aktive forfattarane på Diktkammeret.

Torvund seier dette om Diktkammeret i boka:

-Diktkammeret har nå i ti år vore ei dagleg påminning om at det finst folk som er opptekne av å skriva, lesa og diskutera kvarandre sine dikt, nærast samstundes med at dei vert skapte og lesne for første gong! Det er ein inspirerande korreksjon til det konstruerte biletet om at ingen er interessert i dikt i dag.

Samlagslyrikarane Einar Økland (Smil utan smilar), Juliane Rui (Den hesten er av snø), Kristina Leganger Iversen (Hjartemekanikk), Cornelius Jakhelln (Kosmopolis. Dikt frå den norrøne diaspora) og Hildegunn Dale (Armane mine handlingar) les frå sine aktuelle bøker på arrangementet. 

Diktkammerpoetane Tyra T. Tronstad, Terje Tørrisplass og Kristin Rosenberg les også.

Om redaktørane bak Diktkammeret 10 år - Å våga seg ut i ord:

HELGE TORVUND (f. 1951) er lyrikar, kritikar og psykolog. Han debuterte med Hendene i byen i 1977 og har seinare gitt ut ei lang rekkje diktbøker. Torvund er diktlærar på nettstaden Diktkammeret og var i mange år hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Han bur på Ogna i Rogaland.

MARIA BØRJA (f. 1977) er journalist og forfattar. Ho debuterte med novellesamlinga Voksenting i 2010. Børja har vore med i og redaktør for ei rekkje antologiar, og jobba i ti år med Dagbladets litteratursatsing på nettet. Ho bur i Oslo.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia