Lansering av stor biografi om Hulda Garborg

Pressekonferanse og lansering av Arnhild Skres store biografi Hulda Garborg – Nasjonal strateg. På Det Norske Teatret tysdag 20.9 kl 10.00.

Hulda Garborg (1862‒1934) skapte bunader, dans og matkultur, men ho var også internasjonal bohem, livsstilsreformator og ein av samtidas mest spelte og provoserande dramatikarar. Hulda Garborg grunnla Det Norske Teatret, var gift med Arne Garborg og er kvinna bak mykje av det vi i dag kallar ”norsk”. Sjekk bokfilm der Skre fortel om boka.

Arnhild Skre viser i boka kor sentral, viktig og moderne Hulda Garborg var. Korleis ho bar på dristige draumar og hadde kraft til å realisera dei. Skre fortel også nært og usminka om Huldas krevjande samliv med Arne Garborg, ein av Noregs mest framståande forfattarar.

På pressekonferansen fortel Armhild Skre om Hulda Garborgs ukjende sider, og Ellinor Flor om Hulda Garborg som inspirasjonskjelde for nåtidskunst.

Det blir dans, dramatikk og musikk

Det Norske Teatret, Bikuben

20.09.11. kl. 10.00

Arr: Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget

Vel møtt!

Meir om boka her

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia